Stavås Skistad slo tilbake etter OL – berre slått av Svahn
Kristine Stavås Skistad leverte sterke prestasjonar gjennom heile dagen under sprinten i Falun, og skulle kjempe i finalen mot storfavoritten Linn Svahn.
Men i finalen var Svahn sterk. Ho rykka i den første bakken.
Skistad nærma seg resten av løpet, men rakk akkurat ikkje fram på oppløpet og enda 0.29 sekund bak svensken.
– Akkurat ikkje, men det var gode svar. Det var gøy å kjenne at ein er litt på gang igjen. Eg var litt for stiv på slutten der, så sånn blei det, sa Kristine Stavås Skistad etter finalen.
Nadine Fähndrich vart nummer tre.
– Skistad svarer bra og var på skothald, det er ikkje mykje om å gjere, seier NRKs ekspert Fredrik Aukland etter løpet.
– Det her bygger opp til show neste år det. Dei (Svahn og Skistad) spelar på ulike styrkar, og det var nære på mot slutten der, seier landslagstrenar Marit Bjørgen.
Like før helga endra arrangørane løypene til laurdagens sprint i verdscupen i Falun. Slik skal det også bli under neste års VM på same plass.
Det sjokkerte fleire av utøvarane, og fleire fall undervegs i sprinten i ein av svingane som er blitt endra.
Arrangørane seier at løypa er gjort meir utslagsgivande og publikumsvennleg.
– Mördarbakken skal framleis vere hard, men vi endrar inngangen og toppen for å skape meir dynamikk i feltet. Det skal ikkje berre vere ein transportetappe oppover, men ein stad der løpet kan avgjerast, sa Ulf Nilsson, løypesjef for neste års Falun-VM, til svenske Expressen.